Sia Eva
Rognvik vel debattsidene i Dagsavisen for å kringkasta kritikken sin, reknar vi
med at det også er rom for ein kommentar frå vår side.
Rognvik meiner Klassekampen «prøver å
konstruere en allianse mellom legemiddelindustrien og pasientorganisasjoner
innen psykisk helse». Det vi har gjort, er å referera ulike syn på kva
sponsing frå legemiddelindustrien kan ha å seia for pasientorganisasjonar. Vi
har intervjua leiaren for Aurora, ein organisasjon som prinsipielt seier nei
takk til slik sponsing, vi har intervjua Einfrid Halvorsen, dagleg leiar i
Mental Helse Norge, som meiner det er uproblematisk for organisasjonen å ta
imot pengar frå legemiddelindustrien, og vi har meldt at ein forskar har trekt
seg frå eit oppdrag for Mental Helse etter at ho vart kjend med sponsinga. Kva
som måtte finnast av alliansar, overlet vi til lesarane å vurdera.
Rognvik skriv at Informasjonssenteret Hieronimus
«ble klaget inn til Statens legemiddelverk fordi internettsiden til
organisasjonen inneholdt positiv informasjon om medisiner», og ho fortel vidare
at «det var Klassekampen som regisserte og framstilte saken som om det var
Statens legemiddelverk som hadde funnet dette klanderverdig».
Så langt vi kjenner til, er ikkje Hieronimus «klaget
inn til Statens legemiddelverk». Men vi oppdaga overraskande
legemiddelinformasjon på heimesidene til Hieronimus, overraskande først og
fremst fordi det såg ut til å vera ei noko uklar blanding av
faktaopplysningar, personlege erfaringar og råd til brukarar, som gav eit anna
inntrykk av særleg eitt legemiddel enn det vi fann i Felleskatalogen. Dette
gjorde det for vår journalist naturleg å ta saka opp med Statens
legemiddelverk for å undersøkja om dette kunne vera i strid med lovreglar på
området. Etter vår vurdering ein heilt vanleg journalistisk metode i ei slik
sak. Både juridisk og medisinsk sakkyndig i Legemiddelverket reagerte med
undring på det vi hadde funne, noko vi refererte i vår avis.
Vi fekk vita at Legemiddelverket ville sjå nærare
på saka. Da var det også naturleg å informera våre lesarar om kva som vart
resultatet av Legemiddelverket si vurdering. Torsdag 31. januar omtalte vi det
brevet Legemiddelverket hadde sendt til Hieronimus. Vi gjorde det klart at det
ikkje var funne noko som var i strid med regelverket. Vi fann det også naturleg
å referera at Legemiddelverket rådde Hieronimus til å gjera visse endringar.
I brevet frå Legemiddelverket står det mellom anna: «Statens legemiddelverk
er imidlertid av den oppfatning at deler av informasjonen fremstår som uheldig
og oppfordrer til bruk av medikamenter ...».
Rognvik hevdar at «Klassekampen nektet også
Hieronimus å benytte sin tilsvarsrett i saken da den ikke passet inn i med hva
avisen ønsket». Kva ho meiner med det, er noko uklart for oss.
Da vi skulle omtala brevet frå Legemiddelverket,
kontakta vi også Rognvik for å få hennar kommentar. Ho valde å ikkje svara på
våre spørsmål om korleis Hieronimus ville forholda seg til råda frå
Legemiddelverket. At vi ikkje ønskte å trykkja ein kommentar frå Rognvik som
ville blitt ståande som eit «goddag-mann-økseskaft» i forhold til vårt spørsmål,
oppfattar vi som vanleg journalistisk praksis. Ho vart oppmoda til å skriva
debattinnlegg til Klassekampen dersom ho ønskte ein vidare diskusjon om saka.
Så langt kan vi ikkje sjå at vi har fått noko
debattinnlegg frå Rognvik. Ho står sjølvsagt fritt til å føra debatten
vidare i andre aviser, vi må ha lov til å ønska at debatten blir ført på
eit så sakleg grunnlag som mogeleg.